Vårt Land: Solidarisk ørkenmaraton
Article image

Sahara Marathon er løpet der nokre deltakarar spring seg vill i sandstormar. Andre må sporast opp av leiteaksjonar etter å ha mista traseen - og alle løparane må bu heime hjå ein flyktningfamilie. Vårt Land 26.02.2007

Publisert 26. februar 2007

Av Bjørgulv Bjåen
Vårt Land, 26.02.2007

-Av alle maratonløp eg har delteke i, og det er mange, er Sahara Marathon utan tvil det mest særmerkte, seier milslukaren Magne Christiansen til Vårt Land.

-Kontrasten til utstyrs- og sponsormaset i til dømes New York Marathon er enorm, poengterer løparen som skulle stilt på startsstreken i Algerie i år også, men som må vere heime grunna eit dårleg kne.

I 2005 var Christiansen med i den første gruppa av nordmenn som deltok på solidaritetsløpet vest i Algerie, heilt på grensa til Vest-Sahara. 

-Eg var den eldste som fullførte heilmaraton, fortel 66-åringen.
Årets løp blir arrangert i dag.

Siste koloni
Vest-Sahara er Afrikas siste, uløyste kolonispørsmål, seier FN. Medan Europa overlet Afrika til afrikanarane, byrja Marokkos konge å sysle med draumen om eit Stor-Marokko.

Samstundes som Spania trekte seg ut av kolonien Vest-Sahara i 1975, marsjerte kongens soldatar inn. Mange av innbyggjarane, saharawiane, flykta til nabolandet Algerie. Partane signerte ei våpenkvile i 1991, men framleis lever rundt 165.000 saharawiske flyktninger i Algerie, fullstendig avhengige av humanitær hjelp. 

Bur hjå flyktningar
Sahara Marathon blir arrangert for å vise solidaritet med saharawiane og for å få internasjonal merksemd om deira levekår, seier maratonløparen Oddvar Røsten til Vårt Land. Han er norsk koordinator for løpet som blir arrangert for sjuande gong. Sjølv detek han for tredje gong. 

-I år kan ein velje mellom ultra som er 160 kilometer langt, heilmaraton, halvmaraton, 10 kilometer eller 5 kilometer 'walk and celebration', fortel Røsten.

Magne Christiansen fullførte i 2005 ein heilmaraton han aldri vil gløyme.

-Eg kom ut for ein sandstorm, rota meg vekk og trudde aldri eg skulle kome meg til mål. Heldigvis fann eg att løypa etter ein halvtime. Men fem andreløparar forsvann og blei først funne etter tre timars leiting.

Deltakarane i Sahara Marathon kjem frå heile verda og blir innlosjerte hjå flyktningfamiliar, fem og fem ut frå kva språk dei kan, engelsk tysk eller spansk, men alle grupper får tolk.

-Eg bodde hjå ein hyggjeleg familie som serverte søt te til langt på natt, fortel Christiansen.

Under førebuingane til Sahara Marathon var han berre interessert i sjølve løpet. Men etter ei veke i flyktningleirane i Algerie, blei konkurransen mindre viktig. 

-No er eg engasjert i lagnaden til saharawiene og har meldt meg inn i ein solidaritetsforening for Vest-Sahara.

Hjelpearbeid
Løpstraseane går i lende som er ukjent for mange maratonløparar: Gjennom tre flyktningleirar som alle ligg i den delen av Algerie som ligg i Sahara.

Starten går i leiren El Aayoun, passerer gjennom Auserd og endar i Smara.

-Dei første 21 kilometrane går i slakt terreng der grunnen er hard nok til godt fotfeste. Men ut frå leiren Auserd skiftar underlaget til lausare sand, som er langt meir krevjande, fortel Oddvar Røsten. 
Alle som stiller til start i Sahara Marathon, må betale rundt 1.500 kroner i startkontingent. Pluss reisekostnader –som fort blir høge. 

Støtter barneidrett
-For leiraene med flyktningane frå Vest-Sahara ligg litt utanfor alfarveg, opplyser Røsten, som i år følgjer eit charteropplegg frå Europa.

Startkontingenten får til arbeidet med barneidrett i flyktningleirane, og noko går til familiane som husar løparar.

-I år har Sahara Marathon Project som mål å bygge et sportssenter for barn og ungdom i ein av flyktningleirarne, sier Røsten, og legg til: 

-Idrett er viktig medan ein ventar på å få vende heim.

I leirane i Algerie har dei gløymde saharawiane venta lenge. Sidan 1975.
 

Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024