IE: -Et krav det norske folk bør stille seg bak
Article image

"På LO-konferansen 26. til 28. januar i år vart det satt fram krav om at Norge må anerkjenna Vest-Sahara, eller den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk, som sjølvstendig stat. Dette er eit krav det norske folk bør stilla seg bak." Kommentar i Rogalands Avis 02.03.2007 av Amalie Tofte, internasjonal sekretær i Industri Energi.

Publisert 03. mars 2007

Kommentar i Rogalands Avis 02.03.2007 av Amalie Tofte, internasjonal sekretær i Industri Energi.
Kampen for sjølvstendig Vest-Sahara

Med fare for å nedvurdera storparten av det norske folk, stiller eg meg spørsmålet: kor mange veit eigentleg om Vest-Sahara, den siste kolonien i Afrika? Sjølv vart eg først merksam på Vest-Sahara og kampen for fridom då eg studerte i Bergen på slutten av 1990-talet. Sist veke vitja den tidlegare mottakaren av Rafroprisen, saharawien Sidi Mohammed Daddach, Norge for å orientera om situasjonen i det marokkanskokkuperte Vest-Sahara. 

Kommentar i Rogalands Avis 02.03.2007.
Av Amalie H. Tofte, internasjonal sekretær i Industri Energi.

I 1975 vart Vest-Sahara sjølvstendig frå Spania som koloniserte landet ved slutten av 1800-talet. Straks spanjolane trakk seg ut av landet, rykka marokkanske og mauritanske styrkar inn, og fleirtalet av innbyggjarane vart forvist til flyktningleirar i Algerie. Mauritania trekte seg seinare ut av Vest-Sahara, og Marokko okkuperte heile landet. 

Motstandsrørsla Front Polisario tok opp kampen mot dei marokkanske styrkane, og etter ein 16 år lang krig vart dei to partane samde om våpenkvile i 1991. I følje FN sin fredsplan skulle det haldast folkeavstemming hausten 1992 der saharawiane skulle velja mellom sjølvstende eller integrasjon i Marokko. Men slik skulle det ikkje gå, og saharawiane ventar framleis på å få stemme over framtid si. Marokko har systematisk nekta å gjennomføra avstemminga, og det med støtte frå Frankrike, og FN sine forsøk på å gjennomføra folkeavstemminga har slått feil. 

I tillegg til den marokkanske hæren, er det mellom 150.000 og 200.000 sivile marokkanske busettarar og 50.000 representantar for marokkanske politi- og administrasjonsvesen i Vest-Sahara. Desse tala står i kontrast til talet på saharawiar som er omkring 273.000, og rundt tre fjerdedelar av desse lever i flyktningleirane Algerie. Vest-Sahara har store mengder naturressursar som fosfat og fisk, og mest truleg er det førekomst av olje utanfor kysten. Marokko har gjennom okkuperinga av Vest-Sahara forsynt seg av naturresursane, og det i samarbeid med internasjonale selskap. 

Sidi Mohammed Daddach er menneskerettsforkjempar og har vore til saman 24 år i marokkansk fengsel. Han vart dødsdømd, men seinare vart domen omgjort til livstid, og i november 2001 vart han lauslaten etter massivt press frå menneskerettsforkjemparar og aktivistar i Vest-Sahara og resten av verda. Daddach er eit symbol for den ikkje-valdlege kampen for menneskerettar, ytringsfridom og retten til sjølvstende. Dette er ein kamp som ikkje er ufarleg. Amnesty International har fleire gangar uttrykt bekymring for korleis dei marokkanske tryggleikstyrkane behandlar aktivistar. Tortur og mishandling i fengsel der kølleslag, spark, kveling og trugslar om voldtekt er blant metodane som vert nytta er ikkje uvanleg. For tida sveltestreikar politiske fangar som ein protest på den dårlege behandlinga dei får i fengsel og i rettssystemet. 

På LO-konferansen 26. til 28. januar i år vart det satt fram krav om at Norge må anerkjenna Vest-Sahara, eller den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk, som sjølvstendig stat. Dette er eit krav det norske folk bør stilla seg bak. Daddach understrekar at Vest-Sahara treng den norske støtta meir enn nokon gang, og oppfordrar alle som har anledning til å vitja det okkuperte området og flyktningleirane om å gjera det - for så å spreia informasjon om tilhøva og kampen for menneskerettar og sjølvstende. 

Amnesty International har fleire gangar uttrykt bekymring for korleis dei marokkanske tryggleikstyrkane behandlar aktivistar. 

Saken er også publisert på www.industrienergi.no.
 

Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024