Klassekampen: "Vi har lite å være stolte over i Vest-Sahara"
Klassekampen kommenterer Vest-Sahara i dag.
Publisert 30. januar 2016


Kommentaren nedenfor sto på trykk i Klassekampen, 30. januar 2016.


Saharawi
Dersom ein norsk statsråd reiser til Nord-Noreg (og det ikkje er for å kaste ut syriske flyktningar i førti minusgradar), kan du vere ganske sikker på at hen legg ut eit bilete av seg sjølv saman med diktstrofene «Det er langt dette landet/ Det meste er nord» av Rolf Jakobsen. I Marokko er det motsett: Det meste er sør – faktisk strekkjer Marokko seg så langt sør at du etter ei stund kjem til Vest-Sahara. Eller okkupert Vest-Sahara, då. Om lag 18 timars busstur frå Marrakech (ta med varme klede, det er kaldt i ørkenen om natta) kjem du til hovudstaden El Aaiún (ta med tynne klede, der er varmt i ørkenen på dagen). Ein støvete og ganske stygg by med marokkanske flagg absolutt over alt.

Men før du kjem til El Aaiún, støyter du på noko rart: Ei grense som ikkje er ei grense. Marokkanarane insisterer på at okkupert Vest-Sahara er deira lovlege område. Dermed finst det inga grense. Pussig nok dukkar det likevel opp ei bu midt i ørkenen. Der må du vise fram passet ditt og fortelje kva du skal gjere. Sannsynet for at du blir sendt tilbake er ganske stor. Men det er ikkje ei grense, altså. Og han fyren som traskar seks meter bak deg gjennom heilt El Aaiún er ikkje frå det hemmelege politiet. Du kan tenkje på han som ein fan.

Sist veke blei ei rekkje norske ungdomspolitikarar kasta ut av okkupert Vest-Sahara. Denne veka vitja LO-leiinga dei saharawiske flyktningleirane i Algerie. Men den raudgrøne regjeringa gjorde ikkje stort for å sikre det saharawiske folket sin fridom. Og den blå regjeringa følgjer same spor. Vi har lite å vere stolte over.

Eit av verdas største landminefelt. Hundretusenvis på flukt. Folk i hemmeleg fengsel. Mangel på ytringsfridom. Også du, då. Og eit stort, marokkansk flagg.

Jens Kihl
Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024