BT: Millionsmekk til Rieber
Bergens Tidende skriver at GC Rieber er ilagt avgift på import av fiskeolje fra Vest-Sahara. De får fritak for Marokko-importen, som Norge har frihandelsavtale med.
Publisert 17. september 2010


Millionsmekk til Rieber

Bergens Tidende
1 sept 2010
Av Vidar Ystad

GC Rieber Oils har fått aksept for tollfritak på fiskeolje med tilbakeverkande kraft. Men staten krev likevel fleire millionar i tilleggsavgift.

Rieber Oils har klaga avgjerda inn for Landbruks- og matdepartementet for å sleppe å betale. Saka ligg nå til vurdering i Statens Landbruksforvaltning, SLF, før klagen går vidare til departementet.

Store verdiar
Tollregion Vest har konkludert med at Rieber Oils i perioden 1. januar 2007 - 20. april 2010, importerte om lag 65.000 tonn fiskeolje under feil varekode. Importen har ein statistisk verdi på vel 348 millionar kroner.

Vedtaket frå Statens Landbruksforvaltning går ut på at Rieber Oils skal betale avgift på den delen av oljeimporten som ikkje kjem frå land Noreg har frihandelsavtalar med. Det opplyser konsernsjef Paul-Christian Rieber i GC Rieber.

Gunnar Album, som er fiskeriansvarleg i Norges Naturvernforbund, meiner feilkodinga som olje meint for «human bruk» ved tollklareringa, har skjedd med overlegg.

- Utan ei slik feilkoding ville det bli klart at den norske staten var involvert i import av fiskeolje frå det okkuperte Vest-Sahara til bruk som fôr i norsk fiskeoppdrett. Det ville ta seg dårleg ut, seier Album.

Rieber avviser dette kontant.

Inntil 15 millionar
Det er førebels uklart kor stor del av importen som kjem frå land utan frihandelsavtale med Noreg. Tilleggsavgifta kan maksimalt gå opp i 14,8 millionar kroner.

Det statseigde fiskefor-selskapet EWOS, som er dotterselskap av Cermaq, har tidlegare opplyst at det i dei siste fem-seks åra har kjøpt 12.000-20.000 tonn fiskeolje årleg frå Marokko. Oljen har vore importert av GC Rieber Oils.

Selskapet har vidare opplyst at 85 prosent av denne oljen har kome frå Vest-Sahara som er okkupert av Marokko.

EWOS har opplyst at selskapet i fjor tok imot 20.000 tonn fiskeolje som vart importert frå Marokko av Rieber Oils. Selskapet vil ikkje gje nærare detaljar om importen i tidlegare år og i år.

Basert på EWOS sine tal, må importen frå Vest-Sahara utgjere det aller meste av dei 65.000 tonna.

SLF har lagt til grunn at feilkodinga ved tollklareringa som Rieber har ansvaret for, ikkje har skjedd med forsett eller grovt aktlaust. SLF har likevel teke atterhald om at vedtaket kan bli endra om kontrollrapporten som Tollvesenet nå arbeider med, skulle gje nye opplysningar.

Rieber klagar
I klagen sin seier Rieber Oils at dei har gjort feil ved tollklareringa. Samstundes gjer ein gjeldande at Tollvesenet sjølv, på bakgrunn av dei opplysningane selskapet gav ved tollklareringa, var i stand til å oppdage at tolldeklareringa var feil.

Rieber Oils argumenterer også med at Tollvesenet har fått kopi av dokument frå Mattilsynet som viser at oljen berre kunne nyttast til for.

Selskapet hevdar vidare at olje som kjem frå Vest-Sahara kjem inn under same tollregime som olje som stammar frå Marokko. Og sidan Noreg har frihandelsavtale med Marokko med tollsats på null, må det same gjelde for fiskeolje som kjem frå Vest-Sahara.

Rieber Oils meiner det er urimeleg at selskapet skal risikere eit betydeleg tollkrav «grunnet det selskapet oppfatter som formaliteter som følge av et unødvendig firkantet regelverk».

Klageskrivet er førd i pennen av advokatfirmaet Wikborg Rein og med advokat Knud Lorentzen som ansvarleg partnar. Han var elles styremedlem i Rieber Oils i den perioden importen gjeld.

fakta
handelen med Vest-Sahara
I april måtte Paul-Christian Rieber gå av som president i Næringslivets Hovedorganisasjon.
Det skjedde etter massiv medieomtale av at selskapet GC Rieber Oils AS, der han var styreleiar, hadde importert store mengder fiskeolje frå Vest-Sahara.
I fjor hadde selskapet skriftleg forsikra overfor kundar at ein hadde godkjenning frå UD til denne importen. Det var ikkje rett. UD hadde tvert om åtvara norske bedrifter mot handelsverksemd med Vest-Sahara som er okkupert av Marokko.
Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024