SAIH Blindern: Kjære Jonas, gjer noko!

Vest-Sahara er ifølgje FN Afrikas siste koloni. No er det på tide at norske styresmaktar tek ansvar, meiner kronikkforfattarane.

Publisert 18. februar 2009

Kronikk,
Universitas, 4. februar 2009.

Vest-Sahara vart kolonisert i 1884 og har enno ikkje opplevd fridom. Sidan 1975 har landet vore okkupert av nabolandet Marokko. Etter ein 16 år lang krig mellom frigjeringsrørsla Polisario og okkupasjonsmakta, mekla FN i 1991 fram ei fredsavtale der den sentrale føresetnaden var ei folkerøysting om sjølvstende året etter. No, 17 år seinare, har den lova folkerøystinga framleis ikkje funne stad. Den marokkanske regjeringa subsidierar i staden busetjarar på saharawisk territorium.

Samstundes driv Marokko ein særs brutal og omsynslaus kamp mot saharawiars grunnleggjande menneskerettar. Om lag 165 000 saharawiar bur i flyktningleirar i den ugjestmilde algeriske ørkenen. Dei som blir att vert jamleg utsette for tvangsflyttingar, overvaking, vilkårlege fengslingar, presseforbod, internettsensur og forbod mot menneskerettsorganisasjonar. Landet er delt i to av ein 2200 kilometer lang mur forsterka med meir enn ein million landminer. Sør og aust for muren, der det knapt finns folk eller ressursar, har Polisario framleis kontroll. I nord og i vest styrer Marokko med jernhand og forsyner seg av fosfat, fisk og andre ressursar i strid med folkeretten.

Internasjonale selskap, også norske, deltek stadig i den ulovlege marokkanske plyndringa av Vest-Sahara sine naturressursar. Nett no leitar norske Fugro-Geoteam etter olje utanfor kysten. Om det blir gjort funn, vil det dramatisk auke Marokkos motivasjon for fortsett okkupasjon. Medan Utanriksdepartementet oppmodar alle norske selskap til å frastå frå all næringsverksemd i det okkuperte området, sit ein og ser på at eit norsk selskap gjennomfører denne særs kritiske handlinga i strid med internasjonal rett.

Det finns ingen universitet i Vest-Sahara. Saharawisk ungdom må difor til Marokko for å få seg ei utdanning. Dette er eit gjennomkorrupt system der ein som saharawi stiller bakarst i alle køar. Saharawiske studentar seier sjølv at dei i praksis er utestengde frå fleire strategiske studiar naudsynte for ei oppbygging av eit eventuell framtidig statstyre. Utdanninga saharawiane blir tilbode er vidare på eit anna språk enn deira eige, og dei blir systematisk diskriminerte også i livet rundt studiane.

I månadsskifte april/mai i fjor var det store protestaksjonar ved universitetet i Marrakech. Saharawiske og marokkanske studentar demonstrerte for sine grunnleggjande rettar som studentar og for saharawisk sjølvråderett. Demonstrasjonane enda med at fleire studentar vart arresterte. Mange vart banka grundig opp i politiavhøyr og den saharawiske studentaktivisten Elwali Alkadimi vart kasta ut frå fjerde etasje, brakk nakken og er i dag lam i mesteparten av kroppen.

Det finns knapt ei sak det finns større semje om i Noreg. Alle ungdomspartia, alle store studentorganisasjonar, LO, ei rekke andre fagforbund og mange andre interesseorganisasjonar har teke til orde for eit større norsk engasjement for Vest-Sahara. Mange av desse krev også saman med Senterpartiet, Venstre og SV norsk anerkjenning av den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken - SADR. Den offisielle norske haldninga er likevel overraskande passiv. Dei aller fleste afrikanske land med regionale stormakter som Sør-Afrika og Nigeria har allereie anerkjent SADR.

Det er på tide å ta steget vidare frå fine ord og setja dei om til handling. Ei utsending frå FN sa i april at sjølvstende for Vest-Sahara var urealistisk grunna manglande press på okkupasjonsmakta Marokko. Dette er altså eit glimrande høve til å gå i front og følgja opp lovnadane frå Soria Moria om at «Regjeringa vil styrka Noreg sitt bidrag til å førebyggja, dempa og løysa konfliktar».

SAIH-Blindern ber om at: 
 

  • Noreg anerkjenner den Saharawiske republikken SADR og uttalt fordømmer Marokko som okkupasjonsmakt. 
  • Noreg syner ei klårare støtte til saharawiane sin kamp for sjølvstende, sjølvråderett og menneskerettar. 
  • Noreg krev ei etterforsking av overgrepa mot saharawiske studentar ved universitetet i Marrakech i april/mai i fjor og iverkset ei rettsforfølging av dei som står bak.
  • Du, Jonas Gahr Støre, viser at du er den handlekraftige utanriksministaren me trur og vil du skal vera og umiddelbart krev stans i norske selskap si tilrettelegging for vidare ulovleg plyndring av ressursar på okkupert område. 

    Slutt å prate, Jonas. Gjer noko!

    Tarald Laudal Berge og Erik Schreiner Evans, Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) Blindern
     
Nyheter

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024

Oljefondet svartelister israelsk selskap i okkuperte Vest-Sahara

Oljefondet offentliggjorde i går at de har kastet ut israelske Delek Group fra sine porteføljer på grunn av oljeleting i okkuperte Vest-Sahara.

19. desember 2023