Firda Tidend: Med sterke inntrykk frå Vest-Sahara
Article image

Like før jul reiste Sigmund Vereide til Vest-Sahara for å delta på ein kongress som vart skipa til av frigjeringsrørsla Polisario. – Dei sterke inntrykka frå turen står i stor kontrast til den overfloda vi lever i her til lands, seier han.

Publisert 03. januar 2008

Av Inger H. Aske Lothe
Firda Tidend,
29. desember 2007

Av sentralstyret i Det norske Arbeidarpartiet er Sigmund Vereide peika ut til å sitje i internasjonalt utval, som har i oppgåve å setje internasjonale saker på dagsorden og å rapportere til sentralstyret. 

Bratt læringskurve 
- Dette utvalet har sju-åtte medlemmer, og eg har vore medlem sidan i sommar. Leiar i utanrikskomiteen, Olav Akselsen, er også leiar av internasjonalt utval. Vi skal ha kring sju møter i året, der vi blir orienterte om stoda i ulike land. Vi har mellom anna hatt besøk av utanriksminister Jonas Gahr Støre, og Espen Barth Eide har orientert om Russland. Eg har hatt ei bratt læringskurve og tykkjer det er vært spennande å få vere med i dette arbeidet, smiler Sigmund Vereide, som også tykkjer det er inspirerande for han som lokalpolitikar. 

No i desember fekk to av medlemmene internasjonalt utval reise til Vest-Sahara for å delta på ein kongress i Tifarati. Ap-politikaren frå Gloppen var ein av dei heldige som fekk reise. 

– Frigjeringsrørsla Polisario arrangerer ein kongress kvart tredje eller fjerde år, der internasjonale gjester vert invitert til å delta. Årets kongress var den tolvte i rekkja, og her var det i alt 1500 deltakarar, med 150 gjester frå heile verda. Gjestene las opp støtteerklæringar til Polisario på kongressen den første dagen, medan presidenten las opp ein strategiplan. Den andre og tredje dagen fekk ikkje gjestene delta på kongressen, for då vart framtidige strategiar diskuterte. Den siste dagen vart det gjennomført val av både president og ministrar, fortel han. 

Ti timar køyretur
Gjestene frå Europa hadde eige fly frå Madrid til byen Tindouf i Algerie. Frå Tindouf gjekk turen i bilar gjennom ørkenen til Tifarati i Vest- Sahara. Køyreturen tok ti timar. 

– I Madrid møtte vi tre svenskar frå Riksdagen og tre studentar frå Bergen som representerte Raftostiftelsen. I 2002 vart nemleg Rafto-prisen delt ut til Sidi Mohammed Daddach, som i 2001 vart sett fri etter å ha site 24 år i marokkansk fangenskap. Daddach har halde fram kampen i det okkuperte Vest-Sahara. Raftostiftelsen har oppmoda norske styremakter til å engasjere seg sterkare for å finne ei løysing på konflikten i Vest-Sahara, og meiner at den berre kan løysast ved at det saharawiske folket blir høyrt gjennom ei fri, open og rettferdig folkeavrøysing, fortel Sigmund Vereide. 

I løpet av det vekelange opphaldet i Vest-Sahara heldt han seg mykje i lag med dei nordiske utsendingane til konferansen. Men han fekk også god kontakt med ei rekkje andre utanlandske utsendingar. 

Våpenkvile i 1991
Vest-Sahara ligg mellom Marokko i nord, Mauritania i sør og aust og Atlanterhavet i vest. Landet var tidlegare ein spansk koloni, som både Marokko og frigjeringsrørsla Polisario krev råderett over. Sidan statusen til territoriet ikkje er avgjort, behandlar FN dette landet som fastlands-Afrika sin siste koloni, der Spania framleis sit med det juridiske ansvaret. Størsteparten og den vestlege delen av landet har derimot vore okkupert av Marokko sidan Spania trekte seg ut i 1975. 

– Marokkanske styrkar rykte inn i Vest-Sahara samtidig som Spania trekte seg ut. Sivile frå Vest-Sahara – saharawiar – flykta austover under marokkanske bombeangrep gjennom eitt av Saharas mest vanskelege strok. Dei som overlevde, slo seg ned i leirar sørvest i Algerie ved byen Tindouf, og 50.000 menneske kom til dette området i løpet av november og desember i 1975. Marokkanske styrkar møtte uventa mykje motstand frå saharawiane, som hadde organisert seg under Popular Front for the Liberation of Saguia el Hamra and Rio de Oro, også kalla Polisario, og skipa ei eksilregjering med base i flyktningleiarane. Etter 16 år med væpna konflikt, gjekk partane inn for våpenkvile i 1991. Ifølgje avtalen skulle det gjennomførast ei folkeavrøysting i Vest-Sahara i 1992 om området skulle bli sjølvstendig eller verte innlemma i Marokko. Men til dags dato er ikkje denne folkeavrøystinga blitt gjennomført, forklarer Sigmund Vereide. 

Landet delt i to
Vest-Sahara er i dag delt i to av ein 2200 kilometer lang mur som er oppført av den marokkanske hæren. Områda heilt aust og sør i landet er kontrollert av Polisario. Muren hindrar kontakt mellom flyktningleiarane og dei som bur i Vest- Sahara, og er forsterka med over ein million landminer som kvart år tek livet av og lemlestar både menneske og dyr. 

- Vest-Sahara er eit område som er rikt på naturressursar, som fisk, fosfat og kanskje også olje- og gassressursar. Økonomisk aktivitet i landet vert kontrollert av den marokkanske regjeringa, som tilbyr skattelette og subsidiar til stadig fleire marokkanarar som buset seg i dei okkuperte områda. Det internasjonale medvitet om dei etiske problema som er knytt til å investere i det okkuperte området har auka dei siste åra. Fleire utanlandske selskap har trekte seg ut som følgje av negativ medieomtale eller press. Til dømes blei selskapet Kerr-McGee kasta ut frå Petroleumsfondet si portefølje då selskapet var involvert i kartlegginga av petroleumsforekomstar utanfor Vest-Sahara, fortel Vereide. 

Marokkanske styremakter legg sterke band på forskarar, organisasjonar og journalistar sin tilgang på informasjon i Vest-Sahara. Levekåra i området er difor dårleg dokumentert. Den informasjonen ein har teiknar likevel ikkje noko lyst bilete. Menneskerettsituasjonen i det okkuperte området er alvorleg, med sterkt avgrensa ytringsfridom, forsvinningar og vilkårlege fengslingar. 

Avhengige av hjelp
Då Sigmund Vereide var i Afrika, vitja han ein av flyktningleirane kring Tindouf i Algerie. 

- Dei rundt 165.000 saharawiske flyktningane i Algerie er heilt avhengige av humanitær hjelp. På mange område er ikkje hjelpa god nok til å dekkje grunnleggjande behov, og om lag fire av ti born under fem år er kronisk underernærte. Mangel på ressursar gjer flyktningane sårbare. Saharawiske kvinner har teke på seg ei sentral rolle i administreringa av hjelpa som kjem inn, og har til dømes ansvar for fordeling og distribusjon av hjelp frå FN sitt matvareprogram. Naudhjelpa til flyktningane i Algerie kostar FN dyrt, medan Marokko sine skattebetalarar betalar enorme summer for at marokkansk militært personell og sivile blir verande i Vest-Sahara. Det bur nemleg 400.000 marokkanarar i dei okkuperte områda, medan det berre bur 60.000 saharawiar der, seier Vereide. 

I det saharawiske folket tek dei unge til å bli utålmodige. 

- Det fekk vi tydelege signal om då vi vitja dei. Det er ei gryande rørsle som heller vil krige for landet sitt enn å sitje og vente på at den fastlåste situasjonen blir løyst, seier glopparen, som opplevde store kontrastar i høve til norsk levesett i Vest-Sahara.

- Folket hadde lite vatn og lite mat, men tok likevel svært godt imot oss. Dei passa også godt på oss, og eg opplevde dei som positive. Under opphaldet budde vi sjuåtte personar i lag i telt, og vi låg på tepper på golvet. Ei saharawisk kvinne budde i lag med oss, og ho laga både frukost og kvelds til oss. Vi fekk servert te, loff og marmelade, fortel han. 

Blir engasjert
Sigmund Vereide innrømmer at konflikten i Vest-Sahara engasjerer. 

- Når ein ser korleis innbyggjarane har hatt det i over tredve år, blir ein engasjert. Dei veit ikkje kor tid konflikten vil ta slutt, og det er lett å bli frustrert på deira vegner. Materielt sett har dei det også svært dårleg. Under kongressen vart det bore fram politisk støtte til Polisario frå store delar av verda. Det må vere oppløftande for dei i den situasjonen dei er i, og kan gje dei krefter til å halde det gåande. Det er mange FN-soldatar i Vest- Sahara som overvaker våpenkvilen frå 1991. Likevel blir Vest-Sahara omtala som den gløymde konflikten. Polisario har valt ein fredeleg framgangsmåte etter 1991, men spørsmålet alle stiller seg – er om dei vil vinne fram, seier Vereide. 

Han ønskjer seg ein brei tverrpolitisk allianse som kan arbeide for å løyse konflikten i Vest-Sahara.

Last ned saken i pdf her: side 1, side 2 (Datoene på pdf-dokumentet er ikke korrekte). 
 

Nyheter

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024

Oljefondet svartelister israelsk selskap i okkuperte Vest-Sahara

Oljefondet offentliggjorde i går at de har kastet ut israelske Delek Group fra sine porteføljer på grunn av oljeleting i okkuperte Vest-Sahara.

19. desember 2023