Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006




Unge Venstre krever fritt Vest-Sahara
unge_venstre_510.jpg

Unge Venstres landsstyre vedtok 16. desember en resolusjon som krever selvstendighet til Vest-Sahara og norsk anerkjennelse av den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk.
Publisert: 17.12 - 2006 13:54Printerversjon    
Resolusjon fra Unge Venstres landsstyre.

16.desember 2006


Gje sjølvstende til Afrika sin siste koloni!
Unge Venstre krev at Noreg, som første europeiske land, anerkjenner Vest-Sahara som sjølvstendig stat. I følgje FN sin komité for avkoloniseringssaker er Vest-Sahara den einaste kolonien att på det afrikanske kontinent.

Allereie i 1960 ytra Generalforsamling i FN at folket i dåverande Spansk Sahara hadde rett til sjølvstende. Men då spanjolane drog frå området i 1975, blei Vest-Sahara fort okkupert av Marokko. Den internasjonale domstolen i Haag avviste i oktober 1975 Marokko sitt territoriale krav på Vest-Sahara, eller Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk (SADR) som det offisielle namnet er.

Ein fredsavtale frå 1991 mellom Marokko og Vest-Sahara sin motstandsrørsle Polisario, la klare føringar for korleis konflikten skulle løysast. Fredsavtalen innebar at innbyggjarane som haldt til i Vest-Sahara før okkupasjonen tok til, gjennom ei folkerøysting sjølv skulle få avgjere om området skulle bli ein sjølvstendig stat eller innlemmast i ein av nabostatane. Ein FN-operasjon blei satt inn for å førebu og gjennomføre folkerøystinga, men framleis, 15 år etter fredavtalen, har ei folkerøysting ennå ikkje funnet stad. Dette skuldast i hovudsak at Marokko sin viktige allierte, Frankrike, aktivt har motarbeida eitkvart forsøk i Tryggleiksrådet på å leggje press på marokkanske myndigheiter.

Trass i at FN ikkje har lukkast med å finne ei løysing på konflikten, har den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk (SADR) blitt anerkjend av eit 80-tals statar.

I den delen av Vest-Sahara som i dag er okkupert av Marokko, blir menneskerettane brote på dageleg basis. Saharawiane opplever grove brot på ytrings-, organisasjons- og rørslefridomen i Vest-Sahara. Journalistar og redaktørar som har teke opp spørsmålet om sjølvstende har blitt fengsla. Opposisjonelle lærarar og statstilsette har blitt flytta frå heimstadane sine, nordover til Marokko. Og menneskerettsaktivi star har blitt fengsla utan rettferdige rettssaker.

Vest-Sahara har store førekomstar av fosfat og fisk, og sannsynlegvis og mykje olje utanfor kysten sin. Marokko har gjennom heile perioden ulovleg forsynt seg av Vest-Sahara sine rike naturressursar. I dei seinare åra har og norsk næringsliv blitt meir aktive i Vest-Sahara. Norsk fiskeriindustri er blant Marokko sine viktigaste samarbeidspartnarar, og i 2006 vart det starta opp nye norske kjempeprosjekt i dei okkuperte områda. Gjennom EFTA-samarbeidet har Noreg sidan 1999 hatt ein handelsavtale med Marokko som, i motsetnad til USA, ikkje presiserar at varer produsert av settlarar i Vest-Sahara ikkje kan definerast som marokkanske. Dermed kan varer produsert i det okkuperte Vest-Sahara tollfritt førast inn i Noreg.

Unge Venstre krev:
- A Noreg anerkjenner den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk som sjølvstendig stat, og legg press på marokkanske og franske myndigheiter slik at saharawiane sitt legitime krav kan bli realitet.
-  At Noreg pressar Marokko til å respektere saharawiane sin rett til organisasjons-, ytrings- og rørslefridom, og at alle samvitsfangar blir satt fri.
- At norske myndigheiter i samarbeid med dei andre EFTA-landa følgjer USA sitt døme, og krev at Marokko si tilslutningsavtale med EFTA ikkje kan omfatte varer som kjem frå Vest-Sahara.

Kontaktinformasjon:
Lars-Henrik Michelsen, leder i Unge Venstre
Mob: 980 33 301

www.venstre.no/politiskinfo/pressemeldinger/I00AD3F49

    
Nyheter:

22.06 - 2017 / 20.06 - 2017Spar Kjøp-søster eneste som deltar i plyndring av Vest-Sahara-fosfat
20.06 - 2017 / 20.06 - 2017Norske redere dropper Vest-Sahara-transporter
04.05 - 2017 / 23.03 - 2017Følg Gdeim-Izik-rettssaken dag for dag
24.04 - 2017 / 24.04 - 2017Ap ber om dobling av norsk bistand til Vest-Sahara
18.03 - 2017 / 18.03 - 2017Spanias regjering: Bergenskontrovers må håndteres av Frankrike
18.03 - 2017 / 18.03 - 2017Spar-gruppen fra Bergen med ny skitten transport fra Vest-Sahara
15.03 - 2017 / 15.03 - 2017Etikkrådet greier ut om Vest-Sahara-arbeidet
05.03 - 2017 / 05.03 - 2017FN-forhandleren i Vest-Sahara kaster inn håndkleet
27.02 - 2017 / 27.02 - 2017Marokko trekker seg ut av lite landområde sør i Vest-Sahara
24.02 - 2017 / 23.12 - 2011Våpenforening vet ikke hvor våpnene havner
19.02 - 2017 / 19.02 - 2017Rettssak mot saharawier ytterligere utsatt
16.02 - 2017 / 16.02 - 2017Har du ideer til våre nye nettsider?
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Alle ungdomspartier i Bergen demonstrerte mot Sea Tank
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Raftostiftelsen: Sea Tank og Spar må ta ansvar
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Stor internasjonal mediedekning av Sea Tank-affæren
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Norske Sea Tank/Gezina opp i EU-parlamentet
12.02 - 2017 / 11.02 - 2017'Hvorfor kan Sea Tank besøke Vest-Sahara - og ikke vi?'
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Her protesterer flyktninger i Frankrike mot Sea Tank
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017EU-parlamentarikere ba den franske regjering gripe inn mot norsk båt
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Spansk politi bordet Sea Tank-fartøy






NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -