Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006




Slakter EU-fisket i Vest-Sahara
dsc00352_510.jpg

-Utbyttinga av Vest-Sahara må ta slutt, skriver Ungdom mot EU i en kommentar i Ny Tid.
Publisert: 18.05 - 2009 22:15Printerversjon    
Solidarisk EU?
EU fremmar eit handelssystem som held dei svake svake, og gjer dei sterke sterkare.

Av Sigrid Z. Heiberg
Leiar i Ungdom mot EU
I Ny Tid, 15. mai 2009.
Last ned her (pdf).

I Ungdom mot EU har me brukt den siste tida på å jobbe med årets vårkampanje: Globale konsekvensar av EU sin handelspolitikk. Me har sett fokus på miljø- og klimaproblema som EU sin gamaldagse vekstfilosofi fører med seg, der omsynet til marknadskreftene er overordna omsynet til menneske, dyr og miljø. Ikkje minst ynskjer me å vie merksemd til dei ekstremt urettferdige avtalane som EU har med fattige land, og som dei framleis pressar på for å behalde. I mange tilfelle vil ein ikkje berre behalde desse avtalane, men «styrke» dei, og gjere dei meir omfattande. Og når eg seier «styrke», gjeld det sjølvsagt for den europeiske sida av bordet. For store og flotte ord hjelp lite: U-landa kjem framleis ut som den tapande part.

EU er ein politisk union, som i stor grad fører ein felles handelsog utanrikspolitikk. Dei siste par åra har det pågått handelsforhandlingar mellom EU og tidlegare koloniar i Afrika, Karibia og Stillehavsområdet. Dei «økonomiske partnerskapsavtalane» (EPA) er frihandelsavtalar som skal opne opp u-landsmarknadane. Det skal bli endå lettare for europeiske bedrifter å sikre seg billige råvarer. Toll på handel mellom EU og dei tidlegare kolonistatane skal på sikt bort. I tillegg skal dei fattige landa forplikta seg til å ytterlegare økonomisk liberalisering, mellom anna i tenestesektoren, og når det gjeld offentlege innkjøp og investeringsavtalar. Det såkalla «partnerskapet» vert inngått mellom svært ulike partar. Medan EU vil tene grovt på EPA-avtalane, syner undersøkingar at landa i mellom anna Afrika vil oppleva auka arbeidsløyse og omfattande avindustrialisering. EU sin rett til å verne om og subsidiere eige jordbruk, for deretter å dumpe varer på u-landsmarknadane vert ikkje berørt av EPA-avtalane.

Motstanden mot avtalane har vore stor i mange av landa, og det er ikkje rart. Dess sterkare liberaliseringa vert, dess verre vert situasjonen for den svake parten. Ungdom mot EU har alltid vore sterkt kritiske til EU sin usolidariske handelspolitikk overfor fattige land. EPA-avtalane stadfester det me alltid har sagt: EU sin politikk er egoistisk og usolidarisk. Endå ein gong ser me at unionen grovt utnyttar andre i jakta på eigen vekst og profitt. Me oppfordrar norske politikarar til å ta klar avstand frå denne utnyttinga av allereie fattige land.

For Noreg står fritt til å kritisere urimelege avtalar som EU eller andre inngår. For å ta eit eksempel: Solidaritetsforeningen Afrika Kontakt har nyleg oppfordra europeiske politikarar til å stoppe ein samarbeidsavtale mellom EU og Marokko. Den eksisterande avtalen er i ferd med å bli utvida, for å sørge for auka handel og samarbeid på område som økonomi, vitskap og kultur. Problemet med handelsavtalane er reglane som gjeld fiskeri. Dei er både omdiskuterte og utskjelte, men lite skjer for å endre dei. Desse avtalane inneber nemleg at fiskarar  frå EU-land betalar den marokkanske regjeringa for å få tilgong til å fiske utanfor kysten av Vest-Sahara.

Ungdom mot EU meiner, som Afrika Kontakt og andre solidaritetsorganisasjonar, at dette er fullstendig gale og moralsk forkasteleg. Vest-Sahara er nemleg ein av dei siste gjenverande koloniane i verda, og har sidan 1975 vore ulovleg okkupert av nettopp Marokko. Gjennom folkeretten er EU forplikta til ikkje å anerkjenne denne okkupasjonen, og til å støtta avkoloniseringa av Vest-Sahara. Men i praksis skjer det motsette: EU lønnar Marokko for deira ulovlege utbytting av eit naboland.

Noreg har sidan 2006 krevd at fiskeriavtalane ikkje skal gjelde for havområda som tilhøyrer Vest-Sahara. Så langt har EU ikkje lytta, men me kan ikkje gi opp. Utbyttinga av Vest-Sahara må ta slutt!

EU fremmar eit handelssystem som held dei svake svake, og gjer dei sterke sterkare. Ungdom mot EU oppfordrar regjeringa til å nytte handlefridomen Noreg har til å jobbe for meir rettferdigeavtalar mellom i-land og u-land.

    

Topp
Nyheter:

22.06 - 2017 / 20.06 - 2017Spar Kjøp-søster eneste som deltar i plyndring av Vest-Sahara-fosfat
20.06 - 2017 / 20.06 - 2017Norske redere dropper Vest-Sahara-transporter
04.05 - 2017 / 23.03 - 2017Følg Gdeim-Izik-rettssaken dag for dag
24.04 - 2017 / 24.04 - 2017Ap ber om dobling av norsk bistand til Vest-Sahara
18.03 - 2017 / 18.03 - 2017Spanias regjering: Bergenskontrovers må håndteres av Frankrike
18.03 - 2017 / 18.03 - 2017Spar-gruppen fra Bergen med ny skitten transport fra Vest-Sahara
15.03 - 2017 / 15.03 - 2017Etikkrådet greier ut om Vest-Sahara-arbeidet
05.03 - 2017 / 05.03 - 2017FN-forhandleren i Vest-Sahara kaster inn håndkleet
27.02 - 2017 / 27.02 - 2017Marokko trekker seg ut av lite landområde sør i Vest-Sahara
24.02 - 2017 / 23.12 - 2011Våpenforening vet ikke hvor våpnene havner
19.02 - 2017 / 19.02 - 2017Rettssak mot saharawier ytterligere utsatt
16.02 - 2017 / 16.02 - 2017Har du ideer til våre nye nettsider?
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Alle ungdomspartier i Bergen demonstrerte mot Sea Tank
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Raftostiftelsen: Sea Tank og Spar må ta ansvar
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Stor internasjonal mediedekning av Sea Tank-affæren
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Norske Sea Tank/Gezina opp i EU-parlamentet
12.02 - 2017 / 11.02 - 2017'Hvorfor kan Sea Tank besøke Vest-Sahara - og ikke vi?'
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Her protesterer flyktninger i Frankrike mot Sea Tank
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017EU-parlamentarikere ba den franske regjering gripe inn mot norsk båt
12.02 - 2017 / 10.02 - 2017Spansk politi bordet Sea Tank-fartøy






NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -