Vest-Sahara - svikta av alle
Article image

Eit verhardt ørkenområde vest i Algerie var i 8 år heimen til Senia Bachir Abderahman. Senia er saharawi – ei gruppe menneske som har vorte svikta av verdssamfunnet. Saharawiske flyktningar har i over 35 år budd i leirar som vart oppretta då Marokko invaderte deira heimland, Vest-Sahara.

Publisert 08. mars 2012

Av Sigrun Espe
Støttekomiteen for Vest-Sahara
Publisert i Larm (nr.1, 2012), medlemsbladet til PRESS. 

Det som opphavleg var midlertidige teltleirar liknar meir og meir på vanlege byar, med murhus og gater. Men sjølv om husa er varige kan vi ikkje akseptere at situasjonen for flyktningane er det. 

Fyrste gong eg traff Senia i 2004 snakka ho om Vest-Sahara-konflikten for studentar i Bergen og måtte ha tolk for å gjere seg forstått. I dag studerer ho folkehelse på Universitetet i Oslo og snakkar flytande engelsk. Senia fekk for 8 år sidan stipend for å flytte frå flyktningleirane og gå dei to siste åra av vidaregåande skule i Noreg. Etter dette har ho jobba for å spreie informasjon om Vest-Sahara både i Noreg, på universitet i USA og i internasjonale fora som FN. For Senia og for resten av flyktningane er leirane i Algerie ein midlertidig bustad; dei vil ikkje kvile før dei kan busette seg i eit fritt Vest-Sahara. 

Historie
Spania koloniserte det området som i dag vert kalla Vest-Sahara fram til 1975. Då dei trakk seg ut fekk ikkje innbyggjarane sjansen til å avgjere kva som skulle skje med området, slik folkeretten seier at dei skal. Marokko i nord allierte seg med Mauritania i sør og invaderte. Parallellt med ein militær invasjon arrangerte Marokko ein storstilt, fredleg, godt dokumentert marsj for å “ta tilbake” det dei kallar dei sørlege provinsane. Men den internasjonale domstolen i Haag avviste allereie i 1975 at Vest-Sahara har vore ein del av Marokko tidlegare. Mauritania trakk seg tidleg ut av konflikten, men Marokko går mot folkeretten, Haag og over hundre FN-resolusjonar og har no okkupert området i over 35 år.

Då Vest-Sahara vart invadert verva mange saharawiske menn seg til motsandsrørsla. Kvinnene tok med seg borna og flykta austover mot Algerie. Senia si bestemor, Aziza, tok med seg sine seks born og flykta til fots gjennom ørkenen. Mor til Senia, Lala, var berre 12 år men fekk eit stort ansvar som eldstemann i søskenflokken. Familien måtte gå om natta for å halde seg skjult for marokkanske bombefly. Etter nokre dagar gjekk familien tom for mat og vatn, og yngstesonen på berre 8 månader døydde av dehydrering. Eit par dagar etter dette omkom dei to andre gutane til Aziza etter at ei landmine eksploderte. Og før marerittet var over vart Aziza sjølv blind på begge augene etter at ei fly slapp ei bombe rett ved familien. Med sine tre jenter kom Aziza til slutt til leirane i Algerie og starta sitt nye liv som flyktning og enke etter at mannen omkom i kampane i heimlandet. 

Okkupert Vest-Sahara
Vest-Sahara er eit område rikt på naturressursar, blant anna fisk og fosfat, og økonomisk aktivitet i Vest-Sahara vert kontrollert av den marokkanske regjeringa. Etter invasjonen har mange marokkanarar flytta til området, og saharawiane er i mindretal. FN-styrken MINURSO vart etablert etter våpenkvila mellom Marokko og Polisario i 1991 med det mål å gjennomføre ei folkeavstemming for å avgjere om Vest-Sahara skulle vere sjølvstendig eller ein del av Marokko. Dette har dei framleis ikkje fått gjennomført, for Marokko har motarbeida folkeavstemminga frå starten av. 

Marokko er ikkje interessert i å opne opp for eit fritt Vest-Sahara, og dei held kontrollen i området ved makt. Saharawiar som støttar eit fritt Vest-Sahara vert knebla og ofte mishandla på ulike måtar. I dag er MINURSO den einaste FN-styrken som ikkje har mandat til å rapportere menneskerettsovergrep. 

Okkupert Vest-Sahara er i dag avgrensa mot aust av ein 2 200 km lang minebelagt mur. Dette er eit av dei områda i verda med flest miner, og minerydding er eit av satsingsområda for norsk bistand til Vest-Sahara. Denne muren hindrar kontakt mellom okkupert Vest-Sahara og flyktningleirane i Algerie. 

Livet i leirane
Flyktningleirane i Algerie ligg i ørkenen, og flyktningane er avhengige av internasjonal bistand for få den maten dei trenger. Dei siste åra har dei merka konsekvensane av den internasjonale økonomiske krisa - i krisetider vert det nemleg ofte kutta i bistandsbudsjett. Born og unge er spesielt utsatt for under- og feilernæring, og små born er også sårbare for det ekstreme veret, med temperaturar over 50 grader på dagtid og under null om nettene. Flyktningane drøymer om å greie seg sjølve, om å returnere til Vest-Sahara som blant anna har kyst med store fiskeressursar.

Det er usikkert kor mange flyktningar som faktisk bur i leirane, for dei to partane i konflikta oppgir svært ulike tal. Polisario, som represententerer saharawiane, og Algerie hevdar det bur 165 000 flyktningar i leirane; Marokko meiner dei overdriv tala for å få meir politisk og økonomisk støtte og seier at det er maks 50 000 i leirane. FN opererar med eit tal som ligg midt mellom.

For å fremje saka er det viktig for saharawiane å kome seg ut i verda og fortelje om den lite kjende konflikta. For å få sjansen til dette er utdanning elementert, og difor har skular vore høgt prioritert i leirane. Men etter å ha fullført borneskulen er det færre sjansar, og mange må flytte vekk frå familiane sine og bu på internatskule om dei vil fortsette på skulen. Dei fleste borna må flytte vekk for å gå vidare på skule når dei er 12 år, og dei reiser anten til Algerie, Spania eller til og med Cuba. Senia var berre 8 år då ho måtte flytte frå familien sin for å gå på internatskule i Algerie. 

Saharawiane er opptekne av å utdanne born og unge, men dette skapar også utfordringar. Unge vaksne med høgare utdanning som returnerer til leirane vert frustrerte, ikkje berre fordi konflikta er fastlåst og tilsynelatande utan løsying, men også fordi det ikkje fins betalt arbeid for dei i leirane. 

Talerør for saka
Senia var den første av om lag 20 ungdomar som har fått stipend til å studere to år på ein av fleire internasjonale United World Colleges. Dette er ei rekke skular som tilbyr internasjonal utdanning til elevar frå heile verda, og kvart år fullfører over 20 norske elevar dei to siste åra av vidaregnde ved ein UWC-skule. I 2002 starta nokre norske tidlegare UWC-elevar eit initiativ for å skaffe stipend til ungdom frå dei saharawiske flyktningleirane, og dette har vorte vidareført med intervju og opptak av nye elevar om lag annankvart år etter dette. Desse ungdommane er viktige ambassasørar for saharawiane; Mange av dei har delteke på større seminar og konferansar, og fleire av dei har tala for FN. 

Senia har blant anna vore aktiv i det europeiske lobbyarbeidet for å få stansa EU sin fiskeriavtale med Marokko. EU har i mange år betalt Marokko for å fiske i okkupert Vest-Sahara, noko som går imot internasjonal lov. Aktivistar har jobba for å stanse denne utnyttinga av Vest-Sahara sine fiskeressursar. I desember jubla aktivistane då EU-parlamentet stemte mot å forlenge avtalen, men i januar signaliserte EU-kommisjonen at dei vil jobbe for å få på plass ein ny avtale. Så lenge samarbeidspartnaren i avtala er Marokko og ikkje saharawiane sjølve vil Senia og dei andre aktivistane motarbeide ein slik fiskeriavtale. 

Engasjement
FN, EU, og heile verdssamfunnet har svikta saharawiane. Men saka er ikkje tapt, og det er viktig både for saharawiane i okkupert Vest-Sahara og for flyktningane å halde på håpet om eit fritt Vest-Sahara. Støttekomiteen for Vest-Sahara, andre aktivistar rundt om i verda, saharawisk ungdom som studerer i utlandet og andre saharawiar jobbar kvar dag for å fortelje folk om Vest-Sahara og om konflikta som så få kjenner til. Kvar dag saka vert meir kjent, vert det også vanskelegare å ignorere rettane til det saharawiske folk. 

Om du vil lære meir om Vest-Sahara eller engasjere deg i saka kan du lese meir på www.vest-sahara.no.

Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024