Changemaker krever økt norsk Vest-Sahara-innsats
Årssamlingen til Changemaker, 1-3. april 2011, krever at Norge må legge økt press på Marokko for at de skal godta en folkeavstemning om uavhengighet.
Publisert 18. oktober 2011


Denne teksten nedenfor ble vedtatt av Changemaker-årssamlingen.

Stopp okkupasjonen av Vest-Sahara

Vest-Sahara har status som FNs siste uløste kolonispørsmål og blir ofte kalla Afrikas siste koloni. Landet vart frigjort frå spansk kolonistyre i 1975, men vart same år okkupert av nabolandet Marokko. Etter ein langvarig krig mellom Marokko og den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario måtte 160 000 menneske flykte frå Vest-Sahara. Desse har no budd i flyktningeleirar i Algerie i 30 år og er heilt avhengige av bistand frå EU og FN. Denne situasjonen er uhaldbar og medfører grove brot på menneskerettane. Changemaker meiner at norske styresmakter bør auke det internasjonale fokuset på Marokko sine overgrep og arbeide for å få ein slutt på den ulovlege okkupasjonen.

Etter våpenkvila i 1991 har FN operasjonen Minurso hatt som mandat ågjennomføre ei folkeavstemming som følge av ein signert avtale mellom Marokko og Polisario. Ingen av forslaga FN har komme med har vorte aksepterte av Marokko. Samtidig støttar ikkje USA og Frankrike saharawiarane sitt krav om sjølvråderett, og det blir lagt lite internasjonalt press på Marokko. Å motarbeide ei folkeavstemming er i strid med folkeretten. Vest-Sahara er medlem av den Afrikanske Union og er anerkjent av cirka 70 land. Gjennom ei internasjonal anerkjenning får spørsmålet om Vest-Sahara auka status.

Norsk næringsliv speler ei aukande rolle i konflikta ved at dei driv verksemd i det okkuperte området og utnyttar ressursar i Vest-Sahara. UD frarår slik verksemd, men gjer ingen ting for å hindre det. Derfor er det opp til grasrota å rapportere kva norskeigde selskap gjer. Norske bedrifter er med på å legitimere okkupasjonen ved å stele ressursar frå Vest Sahara og finansiere okkupasjonsmakta Marokko. Ressursutvinning i ikkje-sjølvstyrte område er i strid med FN-pakten og FNs Havrettskonvensjon.

For å stanse okkupasjonen av Vest-Sahara meiner Changemaker at:
  • Noreg bør anerkjenne den saharawiske demokratiske republikken og arbeide for at andre land også skal gjere det.
  • Noreg må legge press på Marokko for å gjennomføre ei folkeavstemming om sjølvråderett for Vest-Sahara slik FN har tilrådd sia 1991.
  • Norske selskap umiddelbart må trekke seg ut av Vest-Sahara


  • Nyheter

    Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

    Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

    04. februar 2024

    Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

    I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

    10. januar 2024

    Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

    “Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

    08. januar 2024

    Oljefondet svartelister israelsk selskap i okkuperte Vest-Sahara

    Oljefondet offentliggjorde i går at de har kastet ut israelske Delek Group fra sine porteføljer på grunn av oljeleting i okkuperte Vest-Sahara.

    19. desember 2023