BT: Stolte på Rieber Oils
Heilt sidan 2008 har EWOS pressa GC Rieber Oils på problema med import frå Vest-Sahara. Bergens Tidende, 30. april 2010
Publisert 03. juni 2010


Bergens Tidende
30 april 2010
Av Vidar Ystad

Ifølgje eit notat Bergens Tidende har fått tilgang til, har Rieber-selskapet både skriftleg og munnleg forsikra Ewos om at ein hadde godkjenning frå «norske myndigheter» for fiskeoljeimporten frå Vest-Sahara.

Brev til Rieber
Bergens Tidende er vidare kjend med at Ewos i mars i år likevel sende brev direkte til styreleiar Paul-Christian Rieber der ein stilte spørsmål omkring handelen.

Som BT skreiv laurdag, hadde GC Rieber Oils i juni i fjor gjeve ei skriftleg erklæring
som sa at UD hadde godkjend importen. Dette var ifølgje UD ikkje rett.

I staden for sjølv å svare på brevet frå EWOS, overlet Rieber til direktøren Arne Alnæs i Rieber Oils å ta seg av saka.

Svaret kom rett etter påske. Bergens Tidende har bede både Paul-Christian Rieber og Arne Alnæs forklare seg om dette forholdet. Men begge avslår.

Ewos tok opp Vest-Saharaimporten med Rieber etter at Norwatch sommaren 2008 avslørte at gjødselselskapet Yara hadde kjøpt fosfat frå Vest-Sahara. Det opplyser kommunikasjonssjef Peter Hagen i Ewos til Bergens Tidende.

EWOS vurderte
I denne situasjonen gjekk EWOS-leiinga nærare inn på GC Rieber Oils sin import frå Vest-Sahara.

– Vi var då i kontakt med Rieber Oils og fekk forsikringar om at dei handla i tråd med UD sine retningsliner. Ewos gjorde så ei sjølvstendig vurdering og konkluderte med at handelen kunne halde fram. Konklusjonen vart trekt i desember, og vi orienterte Cermaq, opplyser Hagen.

– Vi la då til grunn dokumentasjon som tilsa at det var ei berekraftig utnytting av fisken. Vi hadde også hatt tilgang til revisorrapportar frå bedriftene som produserte
oljen. Endeleg hadde vi fått forsikringar frå GC Rieber Oils om at dei nær sagt hadde kontinuerleg kontakt med UD om denne saka, seier Hagen.
Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024