Kva gjer norsk næringsliv i okkupert Vest-Sahara?
Article image
Kom på seminar på Studentsenteret i Bergen 25. februar kl. 18.00.
Publisert 20. februar 2008


Sted: "Det internasjonale rommet", Studentsenteret, Parkveien 1, Nygårdshøgda
Tid: mandag 25. februar kl 18.00

Innleder: Erik Hagen fra Norwatch, Framtiden i våre henders nyhetstjeneste.

NordSør-seminaret tar for seg internasjonale forhold mellom den rike og fattige verden, og er et samarbeid mellom Attac, FIVH, SAIH, Norsk Folkehjelp, Spire og Changemaker.




Leserinnlegg av Ivar Jørdre, koordinator i Attac Bergen og Hordaland
Studvest 29. februar 2008.

Landet Vest-Sahara, som ligg mellom Mauretania i sør og Marokko i nord, har sidan den tidlegare kolonimakta Spania trekte seg ut av Vest-Sahara i 1975 vore okkupert av begge dei nemte nabolanda. Mauretania trekte seg ut allereie i 1979. Marokko var rask med å innvadera dei frigjevne områda og okkuperar no størsteparten av Vest-Sahara. Frigjeringsrørsla POLISARIO trappa då opp kampen for sjølvstende. Sidan den FN-forhandla fredsavtalen mellom POLISARIO og Marokko fann stad i 1991, har FN forsøkt å halde ei folkerøysting der vestsahararane kunne velge si framtid, men utan å lukkast. Marokkanske styresmakter har heile tida sabotert dette.

Med dette som bakgrunn er det interessant å sjå på utanlansk kapital i området. Norwatck (ein del av Framtiden i våre hender) har m.a. som oppgåve å undersøke norske selsskap sine gjeremål i utlandet, Dei fortel at norske selskaper er involvert i Vest-Sahara på særleg to måtar: gjennom fiskeri og shipping. Jebsen-familien frå Bergen eig t.d. 60 prosent av aksjane i det Bermuda-baserte selskapet Gearbulk, som transporterar fosfat frå Vest-Sahara til New Zealand.

Norske fiskeriinteresser er også stadig i det okkuperte Vest-Sahara. Det norske forskningsskipet Dr. Fridtjof Nansen fullfinansiert av den norske staten, har i over ti år undersøkt fiskeressursane utanfor kysten av Vest-Sahara (som m.a. har nokon av dei største sardinførekomstar i verda). Dei har gove all informasjon til dei marrokanske styresmaktene. Også norske fiskebåtar har vore i okkupert farvatn. Dette er klåre brot med FN si line om ikkje å direkte forske eller innvestere til førdel for den marokkanske okkupasjonsmakta.

Raftoprisvinnar i 2002, Sidi Mohammed Daddach, har tidlegare bede norske styresmakter om restriksjonar på selskaper innvolvert i okkupert Vest-Sahara og å annarkjenne dei som sjølvstendig stat. Det saharaviske folk har altfor lenge vorte systematisk undertrykt og deira land sine resursar grovt utnytta av Marokko i lag med utanlanske storselskap. Det internasjonale samfunn, blandt dei norske solidaritetsorganisasjonar må også reagera mot slik urett. Det er her me kan vise handling!

Nyheter

FN-organ ber Marokko løslate Vest-Sahara-journalist

I en avgjørelse publisert 1. april 2024 ber FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig fengsling om at Marokko umiddelbart setter fri den unge saharawiske journalisten Khatri Dadda.

05. april 2024

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024