Utdanning: Kostbar kamp for fridom
Article image

Studenten Rabab Amidane kjempar for fridom for saharawi-folket og heimlandet Vest-Sahara. Det har kosta henne dyrt. Skrevet i Utdanningsforbundets blad Utdanning.

Publisert 20. januar 2008

Utdanning
23. november 2007
Av Per Kristian Cappelen Nielsen

Då Rabab var 14 år gamal kritiserte ho opent kongen av Marokko i klassen. Det tok to år før ho fekk skuleplass igjen. Rabab er berre 22 år, men har vore igjennom både tortur, latterleggjering og årevis med diskriminering ved fleire lærestader i Vest-Sahara og Marokko. 

Politiet gjekk hardt til verks då Rabab og hennar saharawiske medstudentar demonstrerte ved universitetet i Marrakech i mai. Studentane kravde at det saharawiske folkets rett til sjølvstyre over Vest-Sahara skal bli respektert. Det likte dei marokkanske styresmaktene dårleg.

- Ingen av oss blei vist nåde, seier Rabab. - Politiet rykka inn i alle studentbustadene der dei visste det budde saharawiar. Det var uvesentleg om dei hadde deltatt i demonstrasjonane eller ikkje. Politiet tvang oss til å sei kva vi heiter og kor vi kjem ifrå. Alle som snakka hassanya blei banka opp og pågripne, fortel ho. 

rabab2_250.jpg

Ifølgje Rabab blei ho og veninnene hennar torturerte. Hennar beste veninne blei slått blind på det eine auget. Etter invitasjon frå Unge Venstre kom Rabab på besøk til Noreg i juli for å fortelje om overgrepa. 

Kynisk systematikk
I 32 år har landet Vest-Sahara vore okkupert av Marokko. Okkupasjonsmakta kontrollerer alt: klasseromma, moskeane, næringslivet, militæret og TV-kanalane. Det er no færre saharawiar enn marokkanske busetjarar i dei okkuperte delane av Vest-Sahara. 

- Marokko held oss nede, og gjer alt dei kan for å hindre oss i å få utdanning og arbeid. Om ein protesterar mot okkupasjonen, er terskelen for å bli kasta ut frå arbeidsstaden eller studiet ekstremt låg. Det viser ein kynisk systematikk i undertrykkinga, seier ho.

Skuleadministrasjonane samarbeider med politiet, og nektar å gi undervisning til mange saharawiske elevar. Ingen av dei vidaregåande skulane i El Aaiun ville la Rabab halde fram fordi ho var politisk aktiv. Til trass for dette fullførte Rabab nyleg vidaregåande skule, mange hundre kilometer frå heimstaden i El Aaiun, hovudstaden i Vest-Sahara. 

- Eg var den einaste saharawiske eleven i klassa. Læraren mobba meg og sa han ikkje skjønte kva eg sa, og han fekk også dei marokkanske elevane til å le av meg, seier Rabab. 

For at Rabab i det heile tatt skulle få moglegheit til ei høgare utdanning, måtte ho reise til ei av dei marokkanske universitetsbyane. No studerer ho ved universitetet i turistbyen Marrackech. Etter å ha blitt utvist frå grunnskulen og vidaregåande skule tre gonger, er ho allereie mange år forsinka i studieløpet.

Skjulte bakgrunnen sin
Rabab sin familie har følt undertrykkinga på kroppen i mange år. Ifølgje henne har politiet storma heimen deira rundt 20 gonger dei siste to åra, og i sommar blei den politisk aktive broren hennar dømt til fem års fengsel. I juli ble søstera pågripen og banka opp under lange avhør. Begge søskena hennar har delteke i fleire demonstrasjonar for eit fritt Vest-Sahara.

Undertrykkinga av saharawiane sitt språk og sin identitet skjer i mange formar i skulen, ifølgje Rabab. Alle skulebarna blir feilaktig fortalt at Vest-Sahara alltid har vore ein del av Marokko, og blir tvinga til å synge den marokkanske nasjonalsongen kvar dag og å snakke marokkansk-arabisk.

- På barneskulen blei vi fortalt at vi var skitne. Dei fleste av oss let difor som om vi ikkje var saharawiar, og la om til marokkansk-arabisk aksent. Eg er stolt av språket mitt. No snakkar eg hassanya ope på gata, same kor mange vonde kommentarar eg får slengt etter meg, seier ho.

Politiske fangar
Arrestasjonane av demonstrantar er langt frå uvanleg. Ifølgje den siste årsrapporten til Amnesty International, blei hundrevis av saharawiar arresterte i 2006. Amnesty melder at mange av saharawiane som myndigheitene dømer til lange fengselsstraffer for brotsverk, sannsynligvis er politiske fangar. Nokre av dei som offentleg har kravd sjølråderett for det saharawiske folket, har fått opp til seks års fengsel, ifølgje menneskerettsorganisasjonen. 

Det har ikkje lykkast å få kommentar frå den marokkanske ambassaden, trass i gjentekne oppmodingar. 

Utdanningsforbundet protesterte
Få dagar etter at Rabab og venene hennar ved universitetet i Marrakech blei angripne av politiet, sendte Utdanningsforbundet eit protestbrev til den marokkanske regjeringa. Brevet, som var signert av 45 norske organisasjonar, kravde at angrepa mot saharawiske studentar må stoppast med ein gong, og at rettane deira må bli respektert.

«Vi vil understreke at alle studenter, både marokkanske og saharawiske, har rett til å ytre seg fritt, bevege seg fritt, organisere seg og å samles, og at den marokkanske regjering plikter seg til å respektere og beskytte disse rettighetene», stod det i brevet.
 

Nyheter

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

Ungdomspartiene besøkte denne uken de saharawiske flyktningleirene i Algerie.

04. februar 2024

Marokko blir president i FNs Menneskerettighetsråd

I dag ble Marokko valgt til å lede FNs Menneskerettighetsråd. Det skaper kraftige reaksjoner. 

10. januar 2024

Marokko til valg som president av FNs Menneskerettighetsråd

“Tilliten til FN-systemet står på spill”, sier Støttekomiteen om denne ukens valg av nytt presidentskap i Menneskerettighetsrådet. Norske organisasjoner er kritiske til kandidaturet. 

08. januar 2024

Oljefondet svartelister israelsk selskap i okkuperte Vest-Sahara

Oljefondet offentliggjorde i går at de har kastet ut israelske Delek Group fra sine porteføljer på grunn av oljeleting i okkuperte Vest-Sahara.

19. desember 2023